Skarveland skule

Tlf. 53 46 12 15/16(rektor)
Tlf.53 46 12 17/18(lærar/ass)
Tlf.53 46 12 19 (SFO)


Adresse:
Sandvollvegen
5452 Sandvoll


Postadresse:
Postboks 134
5451 Valen

e-post:
skarveland.skule@
kvinnherad.kommune.no


Leiar:
Toril Tjelmeland
toril.tjelmeland@
kvinnherad.kommune.no


Skarveland skule er ein firedelt
barneskule med 51 elevar.
Ved skulen arbeider rektor, sju 
lærarar og to assistentar. 





SFO på skulen

Tlf. 53 46 12 19

Dagleg leiar:
Elisabeth Blokkum

Leksika på nett

Caplex
Dette er eit greit oppslagsverk 
Wikipedia
Godt nynorsk leksikon på internett 
RSS

It's learning

Læringsplattforma til Grunnskulen i Kvinnherad er:
 
 
 

Eksterne dokument


www.utdanning.no

NYHENDE

Heavy med Heavykatten

Heavy med Heavykatten

Forfattaren til Heavykatten, Roald Kaldestad,viste at han kanskje var meir forfattar enn musikar under forestillinga om Heavykatten. Men når han gjennom figurane sine slo til saman med dei to andre musikarane,fekk publikum ei heavy 45-minuttars økt og
Les meir »   18.01.12 kl. 08:18

Ros for god orden

Ros for god orden

Elevane på 6.trinnet får ros og premie for å halda god orden i garderoben gjennom heile hausthalvåret. Elevane har vore svært flinke til å hengja opp kleda,setja skorne fint på plass og dei hugsar stort sett å ta med kleda heim etter skuledagen er slutt
Les meir »   03.01.12 kl. 11:54

Godt nytt år til tilsette, elevar og foreldre

Godt nytt år til tilsette, elevar og foreldre

Me forlet det gamle året og møter det nye året med fukt og regn. Men hald ut, hald ut, hald ut, sa ein programleiar i radio på morgonkvisten måndag 2.januar. Sola kjem attende. Dagande lysnar og me ser fram til ljose dagar og eit godt arbeidsår.
03.01.12 kl. 11:39

Juleverkstad

Juleverkstad

Har de hatt ein god dag i dag, var spørsmålet retta til ein av elevane. Ja, var svaret. Og når elevane kjem heim med vakre ting som nissar, halmkrans, kaker i boks og litt til, burde vel kven som helst seia seg nøgde. No kan me gå heim å pynta til jul.
15.12.11 kl. 16:07

Jul  2011

Jul 2011

I dag skriv me 2.desember og fyrste snøen dalar lett ned i skuletunet.Me ståkar på med juleførebuingar og gler oss med arbeidet. 1.klasseelevane øver til Luciadagen og alle klassane er i ferd med å øva på Prøysen-tekstar til avslutningsfesten.
Les meir »   02.12.11 kl. 12:50

Veopning av gang-og sykkelveg

Vegopning av gang-og sykkelveg

Det kom mykje bygdefolk til vegfesten torsdag 24.nov.Fau og Ordskiftelaget markerte denne kvelden at bygda har fått gang-og sykkelveg gjennom Sandvoll. Velkomsttale, hornmusikk,helsingar,blomeutdeling,allsong,mat og drøs attåt var ramma om arrangementet.
Les meir »   01.12.11 kl. 10:04

Fadrar på besøk i Handeland Friluftsbarnehage

Fadrar på besøk i Handeland Friluftsbarnehage

Tysdag 15.november var elevane på femte trinnet på vitjing i Handeland Friluftsbarnehage. Femteklassingane skal vera fadrar til våre nye 1.klassingar, og her fekk dei høve til å bli litt kjende med kvarandre.
Les meir »   16.11.11 kl. 17:41

Kunst- og handverksdag

Kunst- og handverksdag

Tysdag 1.november hadde elevane kunst-og handverksdag saman. Målet med dagen var å læra litt om kunstnarane Chagall og Magritte, og at borna vart inspirete av kunsten deira når dei sjølve sleppte seg lause med malarutstyr. Og elevane let seg inspirera.
Les meir »   03.11.11 kl. 12:07

Thaimat er god mat...

Thaimat er god mat...

Å læra litt om andre land og kulturar kan vera lærerikt og kjekt. Elevane fekk ny kunnskap om landet Thailand i veke 43 og lærte litt om geografi, næringsliv,klede,skulevesenet, språket og dyrelivet i landet. Mat og matkultur er og viktig å læra noko om.
Les meir »   03.11.11 kl. 12:28

Innskriving

Born som er fødde i 2006 og som skal ta til på Skarveland skule hausten 2012, må møta til innskriving på Skarveland skule måndag 31.oktober 2011 kl.9.00 Hugs å ta med telefonnummer og fødselsnummer.
26.10.11 kl. 14:56

RSS

Søk

HUSTAVLE

Ting & tang

...
RSS

Abonner på nyhende

Di E-post-adresse: